Det er bevart to fotoalbum etter Johanna Skogøy. Her finn me bilete frå ho var spedbarn og fram til ho var godt vaksen. Dei eldste bileta er truleg henta frå albumet til mor hennar, Magda.
Jon Lotsberg var gift med Anna, syster til Magda. Han var lærar i Hervik og hadde kamera tidleg. Me trur at han har teke dei fleste bileta frå Johanna si barndom. Nokre av bileta i albumet til Johanna losna etter kvart og vart limde inn att på nytt. Difor finn me både eldre og nyare bilete om kvarandre i albumet. Jon Narevik hadde òg fotoapparat tidleg. Mange av bileta frå ungdomstida til Johanna kan ha vore tekne av han. Me veit òg at Astrid Skogøy kjøpte seg fotoapparat etter at ho vart konfirmert.
Dersom du sjølv eig gamle bilete, ver venleg å skriva ned namn og fortel om bileta. Det som verkar sjølvsagt for deg, kan vera vanskeleg å vita for dei som kjem etter deg.
Kristoffer Narevik var kalla opp etter bestefar sin. Kristoffer Knutsen Narevik (f.1835) gifte seg med Marta Rasmusdotter Norheim frå Sjernarøy i 1864. Dette var det andre ekteskapet hans. Først gifte han seg med Eli, syster til Marta, men Eli døydde i barselseng berre tre veker etter bryllaupet. Sonen deira, Elias, levde berre i fem veker.
Om lag samstundes døydde far til Kristoffer, Knut Kallevik. Dermed måtte Kristoffer gravleggja både sonen og faren ved same gudstenesta i Tysvær kyrkje. Elleve månader etter at Eli døydde, gifte Kristoffer og Marta seg. Dagen etter bryllaupet fekk Marta ei dotter. Ho fekk namnet Elen Karine.

To år seinare vart sonen Laurits fødd. I 1875 råka ulukka familien på nytt. Kristoffer omkom då eit tre fall over han. Han vart berre 40 år gammal. Marta sat att som 34-årig enkje med to barn. Ho hadde òg ansvaret for svigermora Anne, som var 73 år og hadde føderåd på garden. I folketeljinga frå 1875 er Marta registrert som enkje. Ho hadde då 1 hest, 2 stutar, 8 kyr, 40 sauer, 2 griser og 6 geiter. På garden sådde ho ¼ tønne bygg, 7 tønner havre og sette 6 tønner poteter. Det må ha vore ei krevjande tid for Marta, som åleine måtte ta hand om både familien og gardsdrifta.
Marta gifte seg opp att i 1878 med Martin Voll. Då var Elen 14 år gammal og Laurits 12. Martin var 29 år og sjømann. Han hadde òg vore fadder for Laurits. I 1885 råka sorga familien på nytt. Laurits drukna berre 19 år gammal då galeasen Jenkin forliste utanfor Utsira på veg til England. Jon Narevik fortalde at Marta vart «rutlete» etter dette. Ho gjekk rundt i bygda og leita etter sonen sin. Edvard Slogvik fortalde òg at ho reiste til Stavanger for å henta sonen sin, sjølv om han var død.
Etter at Laurits døydde, vart Elen einearving og fekk odel på garden. I 1887, 23 år gammal, gifte ho seg med Jone Danielsen Klungtveit. Jone var då 45 år. Truleg vart han kjend med Elen gjennom broren sin, Knut, som budde på Øvre Kallakot. Det er ikkje langt frå Narevik via Steinsvik til Øvre Kallakot. Jone tok over garden i 1888 etter stefaren sin, Martin Voll. Elen og Jone fekk to søner, Daniel, fødd i 1888, og Kristoffer, fødd i 1891.
Då Marta døydde i 1918, 76 år gammal, vart det halde skifte etter henne. Mykje tyder på at forholdet mellom Elen og Martin ikkje var det beste. Det måtte tre møte med sorenskrivaren til før dei vart samde om skifteoppgjeret. Jon Narevik fortalde òg at han aldri høyrde Elen nemna Martin medan ho levde og han var ukjend med at Marta gifta seg opp igjen. Dei siste åra av livet sitt budde Martin på Dale sinnssjukehus. Til slutt vart han umyndiggjord, og han døydde der i 1927.
I 1928 tok brørne Daniel og Kristoffer over garden frå mora si, Elen. Kristoffer var då gift med Magda Hervik, og dei budde alt på garden. Daniel gifte seg aldri. Det vart fortalt at han truleg hadde ein hjerneskade, og Elen fekk Kristoffer til å lova at han skulle ta vare på broren så lenge han levde. Då Daniel døydde i 1968, vart Kristoffer eineeigar av garden. Han dyrka opp mykje ny jord, og i nekrologen etter Kristoffer i 1977 vart Narevik omtala som eit mønsterbruk.
Magda vaks opp i «Oppigarden» i Hervik. Kolbein Kolbeinsen Hervik og Johanna Guttormsdatter Hundsnes gifte seg i 1881 og slo seg ned på garden til far til Kolbein.
Far hans, Kolbein Nilsen Hervik, hadde tidlegare budd på Lund på Sjernarøy saman med familien sin. Der fekk dei tre søner som alle fekk namnet Nils, men ingen av dei levde opp. Då dei endeleg fekk ein fjerde son i 1861, våga dei kanskje ikkje lenger å gje han same namnet. Han fekk namnet Kolbein.
I 1873 var Kolbein den eldre 63 år gammal. Han rekna seg nok som gamal, for han selde garden på Lund. Familien vart buande der på føderåd. Kanskje var det ikkje alltid lett å vera føderådsmann på den garden han sjølv hadde eigd. I 1875 flytta han med familien til Hervik for å pakta «Oppigarden». Sonen hans, Kolbein den yngre, hadde då blitt 14 år.
Dottera hans, Serine, var alt gift til Hervik, og det var truleg gjennom henne han fekk kjennskap til at garden kunne paktast. «Oppigarden» var eigd av Kristoffer Kristoffersen Hervik, men han hadde nok ambisjonar utanfor bygda. Han var ordførar i Tysvær i 1858-59 og flytta til Haugesund i 1872.
Då Kristoffer Kristoffersen Hervik døydde i 1905, fekk Kolbein den yngre kjøpe garden. Det må ha vore ei stolt tid for familien. Biletet kan ha vore teke etter at han endeleg vart eigar av garden som han hadde vore med på å driva i tretti år.
Familien til Kolbein Hervik kring 1905: Bak frå venstre: Guttorm, Malene, Kolbein og Anna. Framme frå venstre: Johanna, Magda, Kolbein og Kaspar.
Magda miste to brør i vaksen alder. Guttorm Hervik omkom i ei fallulukke ved Makadammen på Borgøy i 1931. Kaspar Hervik var politibetjent i Bergen. Etter krigen tok han sitt eige liv.
Skogøy vart skild ut frå Hundsnes i 1913. Øya var opphavleg husmannsplassen Treløy. Namnet har truleg røter heilt tilbake til vikingtida. Lars Larsen og Eli Knudsdatter frå Eikanes i Vats er registrert i 1900 på Øinen og i 1910 på Treløen. Eli dø i 1910 og Lars dø 1916 som husmand på Hundsnes.
Nils Knutsen Kallakot kjøpte eigedomen i 1914 og tok namnet Skogøy. Han arbeidde først ved sagbruket i Elva i Romselandsvågen. Seinare leigde han sagbruket og stod for drifta der, før han i 1934 fekk høve til å kjøpa rettane til verksemda.
I 1936 drukna Nils i Elva. Han skulle regulera vasstilførsla til saga då han sklei på nokre steinar, slo hovudet og fall i vatnet. Etter ulukka tok sønene Knut, Andreas og Jakob over drifta i lag. I 1947 bygde brørne eige sagbruk på Skogøy.
Lisa Bustad og Nils Skogøy voks opp i ei tid då mange utvandra til Amerika. Den store utvandringa var nok eit teikn på dei vanskelege levekåra som mange opplevde. Samstundes stod kvekarrørsla sterkt kring Skjoldafjorden og på Nedstrand. Mange valde å forlata landet for å kunna utøva trua si utan innblanding frå statskyrkja
Lisa og Nils Skogøy budde først på Øvre Kallakot, i «Anikstova», saman med mora til Nils. Anik voks opp på husmannsplassen Einarstø på Klungtveit i Nedstrand. Som ung tente ho hos Ole Pedersen på Tendeland i 1865. Forfattaren Martin Nag har skildra Tendeland som eit kvekarsenter.
Knut Danielsen Klungtveit og Anik gifte seg i 1867 og flytta til Øvre Kallakot året etter. Knut kjøpte garden av Ole Tollevsen, som etter salet utvandra til Amerika saman med kona og dei seks barna sine.
I folketeljingane i 1900, 1910 og 1920 er Anik registrert på Kallakot saman med sonen Daniel og familien hans. I 1929 døydde ho på Sand i Hervik, der sonen Andreas budde.
Jone Danielsen vart gift til Narevik. Johanna og Jakob Skogøy var såleis tremenningar.
Far til Lisa, Jakob, var fødd i Slogvik, der familien budde som innerstar på Pitratuftene. Isak Petter Arnesen fekk livstidsfeste på tomta i 1855 frå eit barnlaust kvekarpar i Slogvik. Året før, i 1854, gifta han seg med Margreta Jakobsdotter frå Toftøysundet i Nedstrand.
Ei kiste frå 1840, som Margreta åtte, finst framleis i dag. Ho er no i eige hos John Morten Klingsheim. Isak Petter og Margreta hadde god kontakt med kvekarane og sympatiserte truleg med trua deira. Foreldra til Isak hadde flytt til Tysvær frå Nes i Hallingdal.
Då Jakob var 13 år gammal, flytta familien over fjorden til husmannsplassen Petraplasset under Lindanger på Kreppene. I 1877 gifta Jakob seg med Ane frå Vassenden i Nedstrand. Foreldra hennar, Ola og Kirsti, hadde budd der som husmenn sidan 1855.
Folketeljinga frå 1891 viser at Jakob Pettersen og Ane budde på Kreppene saman med fire born. Dottera Karen Margrete, som då var ti år gammal, var ikkje heime. Ho tente som tenestejente hos Daniel Olsen og Anna Jørgensdotter på Frøland. Daniel var bror til Ane. Livsvilkåra var enkle, og alle måtte bidra etter evne.
I 1900 budde Jakob og Ane på husmannsplassen Vasstøl under Bustad. Då hadde dei ni born. Lisa var ikkje heime ved teljinga, men budde hos onkelen Andreas og kona Serina på Soldal på Kreppene. Her voks ho opp som pleiebarn og gjekk på skulen i Skjold.
I 1910 reiste sonen Jakob Bustad til Amerika, berre 15 år gammal. På dette tidspunktet hadde Jakob og Ane til saman fire born som hadde utvandra til Amerika. Seinare flytta ekteparet til Strannå i Nedstrand, til huset som i dag er kjend som Lisahuset. Eigedomen Strannå vart frådelt i 1911, men Jon Arnøy meinte at familien må ha flytta dit før denne tida.
Etter 1945 var Lisa mindre på Skogøy. Då mora Ane døydde, flytta Lisa til huset på Strannå, der ho budde resten av livet. Ho vart buande der fram til ho gjekk bort i 1977. Dei siste åra fekk ho hjelp i heimen. Kari Rossemyr, som var eldre enn Lisa, leigde eit rom i huset mot å hjelpe til med det daglege arbeidet.
Om de vil sjå nærmare på slektstre lenger tilbake kan de gå vidare til sida til John Morten Klingsheim. Han har samla mykje informasjon. https://klingsheim.com/gen/index.php
Sist oppdatert: 24 Sept 2026
Stian Lackner
epost: stian@skogøybilder.com